• Heim
  • Om
  • Tenester
    • Gravstell
    • Hagearbeid
    • Reinhald
  • Kontakt
  • Vilkår
41 14 65 61

Hjelp med reingjering

Slik hjelp me deg med reinhaldet ditt

Reingjering handlar ikkje berre om å støvsuga eller vaska overflater – det handlar òg om å skapa eit rom der det kjennest godt å vere. Å få hjelp med reinhald skal vere ei god oppleving. Når me kjem heim til deg, kjem me med respekt for heimen din og eit sterkt ønske om å gjere kvardagen din enklare.Kvar reingjeringsjobb blir tilpassa ditt behov. Me tilbyr:
  • Vanleg reinhald
  • Utvask/flyttevask
  • Airbnbvask
Kontakt

Vanleg reingjering

Reinhald skal vere enkelt og oversiktleg. Me gjer arbeidet – du nyt resultatet. Om du tingar vanleg reingjering, gjer me følgjande oppgåver:
  • Støvtørking av alle tilgjengelege flater
  • Støvsuging av golv, tepper og mjuke møblar
  • Vask av golv
  • Reingjering av kjøkkenbenkar og komfyrtopp
  • Bad og toalett
  • Spegelvask
  • Tømming av søppel
Me gjer merksam på at følgjande oppgåver ikkje blir utført når du tingar vanleg reingjering:
  • Reingjering av tak og andre flater som ikkje kan bli reingjort utan spesialutstyr.
  • Fjerning av vanskelige flekker
  • Reingjering av sluk
  • Reingjering av ventilar
  • Flytting av tunge møbler og gjenstandar

Prisar

Timepris 650,-
Estimert bruk av tid.Opp til 50 m2 = 2.0 timar50 m2 - 99 m2 = 2.5-3.0 timar100 m2 - 149 m2 = 3.5-4.0 timar150 m2 og meir = minimum 4.5 timar Me blir einige om pris på førehand, slik at du veit kva du skal betale for oppdraget. Ryddig, enkelt og greitt.
Kontakt

Utvask/flyttevask

Når alt skal skinne før neste kapittel
Flytting er krevjande nok i seg sjølv, og ein stor reingjeringsjobb kan vere det som tippar lasset. Me tek oss av reingjeringsjobben, slik at du kan konsentrere deg om det som er viktig. Du kan forvente høg standard på tenesta, slik at du kan overlevere bustaden utan manglar når det kjem til reinhald.
Garanti: Om du ikkje er nøgd med jobben som blir utført, fikser me manglane kostnadsfritt.
Om du tingar utvask/flyttevask, gjer me følgjande oppgåver:
Kjøkken
  • Vask av alle skap innvendig og utvendig
  • Vask av skuffer og hyller
  • Avfetting av komfyr, platetopp og ventilator. Rens av steikeomn mot ekstra tillegg – be om pris.
  • Reingjering av kjøleskap, fryseboks og mikro innvendig og utvendig. Merk at frysar og kjøleskap må vere tømt og rima av.
  • Vask av benkeplater, listverk og kontaktpunkt
Bad
  • Grundig reingjering av toalett, vask og dusj/badekar
  • Avkalking av glas, fliser og armatur
  • Skuring av fuger og vanskelige hjørne
  • Vask av skap, speglar og overflater
  • Rens av sluk dersom ønskja
  • Vask av veggar og tak ved behov
Heile bustaden
  • Støvsuging
  • Vask av alle tak (tørrmopping)
  • Vask av veggar (tørrmopping)
  • Vask av golv og lister
  • Flekkfjerning der det er naudsynt
  • Reingjering av alt fast inventar
  • Vask av vindauga (innvendig -utvendig etter avtale)
  • Reingjering av dører, karmar og brytarar.
Me gjer merksam på at følgjande oppgåver ikkje blir utført når du tingar utvask/flyttevask:
  • Reingjering av råkjellar- og loft
  • Utvendig vask av vindauga som ikkje har toppsving.

Prisar

Pris pr. m2 = 100,- 120 ,- Me blir einige om pris på førehand, slik at du veit kva du skal betale for oppdraget. Ryddig, enkelt og greitt..
Kontakt

Korttidsutleigevask

Utleige gjennom Airbnb, Booking eller privat korttidsutleige krev reingjering som både er rask og svært nøye. Dette fordi gjestane vurderer reint og ryddig som ein av dei viktigaste faktorane for eit godt opphald. Godt reinhald kan derfor vere avgjerande for å få gode tilbakemeldingar og fleire bookingar. Me legg stor vekt på kjøkken og bad. Om du tingar korttidsutleigevask, gjer me følgjande oppgåver:
  • Støvsuging og vask av golv
  • Støvtørking av alle lett tilgjengelege flater
  • Vask av kontaktflater: brytarar, dørhandtak, bord, nattbord
  • Reingjering av søppelbøtter og tømming av avfall
  • Flekkfjerning der det trengs
  • Vask av benkar, komfyrtopp og vask
  • Vask av utside av skap og skuffer
  • Tømming av oppvaskmaskin
  • Kontroll av at servise og kjøkkenutstyr er reingjort. Om det er avvik ordnar me opp
  • Desinfisering av handtak, brytarar og andre kontaktflater.
  • Grundig vask av dusj, toalett og servant
  • Avkalking av fliser og armatur
  • Vask av spegel og hyller
  • Desinfisering av alle berøringsflater
  • Skifte av sengeklede
  • Pent oppreidde senger
  • Sjekkar at alle lamper fungerer
  • Sjekkar at ingenting er øydelagt
  • Sjekkar at ingenting manglar - om du har utarbeidd liste
  • Sjekkar at inventar står på riktig plass - om du har bilde som synar ønskja oppsett
  • Sjekkar at gjesten ikkje har gløymt noko
Me gjer merksam på at følgjande oppgåver ikkje blir utført når du tingar kortidsutleigevask:
  • Reingjering av tak og andre flater som ikkje kan bli reingjort utan spesialutstyr.
  • Fjerning av vanskelige flekker
  • Reingjering av sluk
  • Rengjering av ventilar
  • Flytting av tunge møbler og gjenstandar

Prisar

Opp til 50 m2 = 1.100,-50 m2 - 99 m2 = 1.500,-100 m2 - 149 m2 = 2.100,-150 m2 og meir = 2.500,-
Vask av sengetøy pr. sett 120,- Vask av handdukar 100,- pr. oppdrag.Me blir einige om pris på førehand, slik at du veit kva du skal betale for oppdraget. Ryddig, enkelt og greitt.
Kontakt
Kontakt
+47 41 14 65 61
kontakt@dingronehjelpar.no
Din grøne hjelpar Osen 31 5580 Ølen
Organisasjonsnummer: 936609716
Tenestar
  • Gravstell
  • Hagearbeid
  • Reinhald
  • Småjobbar
Copyright © 2025. All rights reserved. Powered by Site Editor.

Me gjer bruk av informasjonskapslar for å aktivere viktig funksjonalitet på nettstaden vår, og for å analysera trafikk på nettstaden. Ved å klikka på «Godta» samtykker du i bruk av informasjonskapslar. Read about how we use cookies.

Your Cookie Settings

We use cookies to enable essential functionality on our website, and analyze website traffic. Read about how we use cookies.

Cookie Categories
Essential

These cookies are strictly necessary to provide you with services available through our websites. You cannot refuse these cookies without impacting how our websites function. You can block or delete them by changing your browser settings, as described under the heading "Managing cookies" in the Privacy and Cookies Policy.

Analytics

These cookies collect information that is used in aggregate form to help us understand how our websites are being used or how effective our marketing campaigns are.